Fribo er ei unik blanding av musikarar frå Norge, Skottland, England og Sverige.
Bandet er no viden kjent for mange og har fått tilbakemeldingar som:
 “…one of the freshest and most inventive acts on the emerging 'Nu-Nordic' scene, exploring and creating links between British and Scandinavian traditions, with a deft peppering of wider contemporary influences.” – Celtic Connections Festival

Etter at Fribo først møttest for å spele saman rundt eit kjøkkenbord i Edinburgh i 2003, har bandet utvikla seg til å bli dyktige på å finne passande måtar å koble saman gamle tradisjonar på ein ny måte, samstundes som at dei har ei sterk kjensle for moderne lydar og rytmer.

Fribo inneheld musikarane Anne Sofie Linge Valdal på vokal og seljefløyte frå Norge, skotske Hannah Read på fele, engelskfødte Ewan MacPherson på gitar og munnharpe og svenske Magnus Lundmark på perkusjon. Dei spelar ei unik blanding av keltisk musikk, med alt frå ukjende og fyrrige stev og hallingar frå indre Sunnmøre til ville skotske reelar og jigar. 

Dagens lydbilde viser at fem års turnévirksomheit, stadig aukande etterspørsel, samt eit kritikarrost debutalbum, har gjort Fribo til eit kjent namn som får stadig meir anerkjennesle og positive kritikkar. Den elegante og uanstrengte blandinga av vokal, seljefløyte, munnharpe, fele, gitar og perkusjon har fått tilbakemeldingar som
“...zestful, vibrant, multi-national North Sea sound.” Womad

Fram til no har Fribo turnert i Storbritannia, USA, Norge, Danmark, Tyskland, Nederland, Sverige, Belgia og Irland.
Dei har spelt på bl.a. Womad, Celtic Connections, APAP, FolkBALTICA, Nordsjøfestivalen, Haukeliseterfestivalen, Gosport&Fareham Festival, Nordlysfestivalen og Blàs.

Gruppa har vore gjengangarar på mange radiostasjonar over heile verda, som BBC Radio Scotland og Radio 3, ABC australia, NRK, Radio Nan Gael og The World Service, for å nemne nokre.
Fribo var hovudarrangørar og aktørar på den første Nu-Nordic night på Celtic
Connections Festival i januar i 2009, der konserten vart sendt både på BBC & NRK.

I løπet av dei tre siste åra ( 2007 – 2009) har vi sett også sett Fribo gjere:
* live konsert ved Sveriges største folkemusikkfestival, Korrö
* Live opptak til BBC Alba (TV), som ein del av serien Horo Gheallaidh:  www.bbc.co.uk/alba/ceol 
* Live konsert under Womad på BBC Radio 3 scena.

Dei beviser også si evne til å spele for eit bredt publikum, og har ei speleliste som sprer seg frå prestisjetunge festivalar i Europa til seterstølar i fjellheimen i Norge. 

Debutalbumet kom ut i 2007 på Fellside Records, og vart bl.a. kåra til ein av topp 10 til fRoots Radio 3 World/Roots charts. 

DEN NYE CD'EN ER NO KLAR, "HAPP" VISER VEGEN TIL FRIBO!

Kva pressa seier om Fribo:

“Fribo gir folkemusikken på tvers av landegrensene et inspirerende nytt fellesskap”… - Svein Andersen – Aftenposten *****
"If ever there was a soundtrack to my life, this is what I would want it to be... this band are, for lack of a better word, awesome." Edinburgh Fringe Review 2008 -  ThreeWeeks | eDaily - no 24 *****
“...Infectious rhythms stand next to haunting beauty.” Fiddle On Magazine

Sjølvbiografiar

anne sofieewansarah janepaul